SENTRALBANKAR: Når endeleg mitt forskingsområde blir toppsak i media så druknar eg i kurs, artikkelrevisjon og fagfellevurdering. Men her kjem endeleg ein tråd om sentralbankar, uavhengigheit, og Stoltenberg-saka 1/20
Pengepolitikk er ein del av den større økonomiske politikken (saman m/ finanspol, inntektspol og industripol). Grensene mellom dei ulike politikkområda er tydelegare i stabile tider, men er aldri glasklår, og i periodar med økonomisk omvelting (klimakrise?) er grensa flytande 2/
Difor er det i utgangspunktet, frå eit demokratiperspektiv, ganske pussig at vi har bestemt oss for at ein del av den økonomiske politikken skal teknokratar frå ta seg av, medan dei andre delane skal underleggast valde politikarar og parlamentarisk styring 3/
Sentralbankar byrja i dei fleste land som formelt uavhengige, private institusjonar (dei var bankar med spesielle lisensar), og hadde aksjonærar og profittmotiv. Slik var det stort sett fram til 1930-talet. 4/
Det betyr IKKJE at desse formelt uavhengige SB-ane ikkje var tett involvert i den øvrige økonomiske politikken. I periodar blei dei ganske politiske styrt, i andre periodar gjekk presset andre vegen, og SB-sjefane påverka deler av politikken. 5/
Dei som argumenterer for at vi får hyperinflasjon om ikkje SBar er formelt uavhengige kjenner ikkje historia så godt, og særleg ikkje historia om sitt favoritt skrekk-case, hyperinflasjonen i Tyskland i 1923 (Spoiler: Reichsbank var formelt uavhengig!). 6/
Som så mykje anna i samfunnet – er dei kausale samanhengane også meir komplekse her enn dei mest stupide formuleringane i 70- og 80-talets økonomifag vil ha oss til å tru 7/
Uklok pengepolitikk kan førast av både politisk styrte og uavhengige sentralbankar. Og SBs har ikkje alltid kontroll over inflasjon, fordi samanhengane nettopp er ganske komplekse. 8/
Sentralbankar historisk har vore viktige for krigsfinansiering, økonomiske krisehandtering, og i gode tider så vel som dårlege vore heilt sentrale i kredittpolitikken: kven i økonomien skal få tilgang til kreditt og til kva vilkår. 9/
Etter den store depresjonen vart mange sentralbankar i Vesten gjort om til statlege institusjonar, og vart endå meir sentrale i den økonomiske politikken særleg i etterkrigstiåra (Les Eric Monnet si bok «Controlling Credit» for ei svært god behandling av denne perioden) 10/
På 70- og 80-talet sleit SBer i mange land med høg inflasjon, og i tråd med ei generell høgredreiing av politikken så endra også mange sentralbankar sin pengepolitikk – meir fokus på prisstabilitet over sysselsetting, mindre av andre typar intervensjonar i økonomien. 11/
Samstundes skjer det ei endring i økonomifaget, der fleire teoretiske bidrag (mainstram-økonomifaget er ikkje så empirisk på denne tida) argumenterer for at sentralbankar berre kan ha kredibilitet (som trengst for prisstabilitet) om dei er uavhengige av politikken 12/
Etter kvart blir dette synet så dominerande at i dei fleste land endrar ein sentralbankmandata noko for å sikre sjølvstende (men merk av politikkendringane kom i mange land FØR endringar i mandat, kronologien blir ofte framstilt feil i debatten) 13/
Dei formelle endringane som skjer i mandata i mange land på 90- og tidleg 2000-tal er ikkje så stor samanlikna med endringane i idear og normar kring uavhengigheit og kva ein sentralbank skal vere og gjere. 14/
Sentralbankuavhengigheit er ikkje anten-eller, det er alltid snakke om grader av, og det er viktig å skilje mellom formell/juridisk uavh. og REELL uavhengigheit. Peter Conti-Brown skriv veldig godt om dette i samband med den amerikanske sentralbanken 15/
Graden av reell uavhengigheit/politisk koordinering varierer mellom historiske periodar, mellom land, og faktisk frå sentralbanksjef til sentralbanksjef (innanfor same periode og same mandat). Personlegdom ser ut til å ha ein del å seie for grad av «politisk koordinering». 16/
Det er, også i dag, ein del tilfelle av at tidl. politikarar blir sentralbanksjefar eller at sentralbanksjefar går rett i frå den jobben og inn i politikken. Dette ser ikkje ut til å ha stor påverknad på tilliten til den aktuelle valutaen eller rentepolitikken. 17/
Fordi vi i møte med klimakrisa kjem til å stå ovanfor ei stor økonomisk omvelting (og gitt det vi veit frå historia om slike periodar), er det ikkje utenkeleg at det vil vere naudsynt med ei mykje tettare koordinering av dei ulike delane av den økonomisk politikken framover 18/
Store sentralbankar har sidan 2008 drive med omfattande intervensjonar i økonomien, kjøpt verdipapirer for over $20 billionar, kjøpt aksjar og bustadlån, har innrømma at pengepol har fordelingseffektar og at dei ikkje heilt forstår inflasjon. We are not in Kansas anymore. 19/
Debattane (i SB-miljø og akademia) har difor vore livlege sidan 2008, og vi er i ein prosess der førestillingane som var heilt dominerande før 2008 er i spel – alt frå kva pengar er, kva som forårsakar inflasjon, og kva ein sentralbank skal gjere og korleis den bør styrast. 20/
Difor kan eg ikkje sjå at Stoltenberg er den best kvalifiserte for jobben. Ikkje fordi han er eks-statsminister og buddy med noverande statsminister, men fordi han ikkje framstår som ein som har særleg forståing av kva for spørsmål ein sentralbank i 2022 står ovanfor. 21/
Eg veit ikkje på kva side Ida Wolden Bache står i desse nye debattane, hennar avhandling er nokså old school central banking, men gitt at ho faktisk har jobba i leiande stillingar i ein SB det siste tiåret når desse debattane har rast, gjer ho meir kvalifisert i mine auge. 22/Fin
Nevnte ikkje Bjorheim her, då tråden handla om uavhengigheit & media har fokusert på Stoltenberg vs Bache, men Bjorheim er ein godt kvalifisert kandidat med relevant erfaring frå BIS (der fleire av desse debattane pågår). Håpar innstillingsutv vurderer han seriøst opp mot IWB /23

• • •

Missing some Tweet in this thread? You can try to force a refresh
 

Keep Current with Ingrid Hjertaker

Ingrid Hjertaker Profile picture

Stay in touch and get notified when new unrolls are available from this author!

Read all threads

This Thread may be Removed Anytime!

PDF

Twitter may remove this content at anytime! Save it as PDF for later use!

Try unrolling a thread yourself!

how to unroll video
  1. Follow @ThreadReaderApp to mention us!

  2. From a Twitter thread mention us with a keyword "unroll"
@threadreaderapp unroll

Practice here first or read more on our help page!

Did Thread Reader help you today?

Support us! We are indie developers!


This site is made by just two indie developers on a laptop doing marketing, support and development! Read more about the story.

Become a Premium Member ($3/month or $30/year) and get exclusive features!

Become Premium

Too expensive? Make a small donation by buying us coffee ($5) or help with server cost ($10)

Donate via Paypal

Or Donate anonymously using crypto!

Ethereum

0xfe58350B80634f60Fa6Dc149a72b4DFbc17D341E copy

Bitcoin

3ATGMxNzCUFzxpMCHL5sWSt4DVtS8UqXpi copy

Thank you for your support!

Follow Us on Twitter!

:(