Og ingen lokomotivførarar jublar..
norsketog.no/nyheter/2023/s…
Det er bra at det kjem nytt materiell på regiontoga våre, men grunnen til skepsisen er det som ser ut til å verta innføringa av ein ny æra på norsk jernbane, nemleg utfasinga av lokomotiv og vogner, til fordel for motorvognsett.
For dei som ikkje anar forskjellen så er det lokomotiv og vogner som går i regiontoga i dag, medan det i lokaltogstrafikken går motorvognsett. Motorvognsett er vogner som er fast kopla til kvarandre og med førarrom i kvar ende. Desse setta har motorkrafta fordelt ut i heile toget
Med lok og vogner har ein eit tungt og stort lokomotiv i front der all maskinkraft er heil fremst i toget. For oss som køyrer og tildels brøyter oss fram i snøstorm på Hardangervidda, føretrekk me lokomotiv.
Ein kan heller ikkje bruka motorvognsett til å berga andre havarerte tog, td havarerte godstog, så ein del av heilskapstanken på jernbana forsvinn, men dette må i alle fall bety at ein må skaffa seg fleire bergingslok (ikkje mindre slik me har sett det har vorte dei siste åra)
For oss som har det å køyra tog som leveveg, føretrekk me å kunna variera litt mellom kva me køyrer. Å køyra lok og vogner er meir utfordrande og kjekkare enn motorvognsett. Me er og spente på korleis sjølve utforminga vert. Kva bremsesystem vert det lagt opp til?
Korleis ser førarromet ut? Vert det lufttette sett? Me køyrer Stadler sine motorvognsett i lokaltrafikken (Flirt). Flirt er td ikkje lufttett, dvs at når me køyrer i dei smale og gamle tunellane våre så bråkar det mykje, særleg med innvendige dører.
Vil motorvognsetta vera komfortabelt nok i nattoget? Med lok og vogner prøver ein td å stoppa med lause bremsar, dvs så milde stopp som mogleg. Håpar dette vert teke omsyn til når dei planlegger bremsesystem osb. I dag når me køyrer Flirt er me pålagte å køyra i automatikk,
og kvar gong me stoppar stoppar me med noko som heiter haldebrems, dvs at me stoppar med brems på. Stadler har også ein del å gå på når det gjeld sjølve utforminga av førarrom, og sjølve førarbordet. På Flirt må me td strekkja oss for å slå av/på vindausviskar
Jepp, på jernbana har ein visst ikkje funne på å bruka regnsensor, så her er det brytar som må slåast av og på, noko som er særleg irriterande for oss i regntunge område, som køyrer inn og ut av tunellar.
Men me får håpa at Stadler lyttar på tilbakemeldingar frå oss lokførarane og at dette vert betre enn kva me trur. Sjølve vognene ser fine ut, og det er verkeleg på tide at me får nytt materiell!
Til slutt får me vel berre seia at det er noko som heiter yrkesstoltheit. Å køyra motorvognsett er eit heilt anna konsept enn lok og vogner, det krevst ein annan køyretknikk og ein kjenner toget på ein annan måte.

• • •

Missing some Tweet in this thread? You can try to force a refresh
 

Keep Current with Lokførartvillingane

Lokførartvillingane Profile picture

Stay in touch and get notified when new unrolls are available from this author!

Read all threads

This Thread may be Removed Anytime!

PDF

Twitter may remove this content at anytime! Save it as PDF for later use!

Try unrolling a thread yourself!

how to unroll video
  1. Follow @ThreadReaderApp to mention us!

  2. From a Twitter thread mention us with a keyword "unroll"
@threadreaderapp unroll

Practice here first or read more on our help page!

Did Thread Reader help you today?

Support us! We are indie developers!


This site is made by just two indie developers on a laptop doing marketing, support and development! Read more about the story.

Become a Premium Member ($3/month or $30/year) and get exclusive features!

Become Premium

Don't want to be a Premium member but still want to support us?

Make a small donation by buying us coffee ($5) or help with server cost ($10)

Donate via Paypal

Or Donate anonymously using crypto!

Ethereum

0xfe58350B80634f60Fa6Dc149a72b4DFbc17D341E copy

Bitcoin

3ATGMxNzCUFzxpMCHL5sWSt4DVtS8UqXpi copy

Thank you for your support!

Follow Us on Twitter!

:(