My Authors
Read all threads
1/ Her kjem ei lita tråd om olje.

Brutalt på arabiske børsar i dag. Kuwait stoppa etter 10% nedgong. Ligg an til betydelig fall i oljeprisen i natt. Dette er alvorleg for Noreg. #OOTT
2/ Bakgrunn:
OPEC+ har den siste tida heldt produksjonen på 2.1m fat/dag under "referansenivå". For ordens skyld: Verda brukar om lag 100m fat/dag. Noreg produserar om lag 1.6m fat/dag. OPEC+ produserar ca. 41m fat/dag.
bloomberg.com/graphics/opec-…
3/ For ordens skuld: Ubrukt kapasitet av billeg olje overgår norsk produksjon. Gjennomsnittleg produksjonskost for eit fat olje frå Saudi Aramco er på $2.8/fat. Dette er olje som fram til no er holdt tilbake av økonomiske, og ikkje miljømessige hensyn.
4/ Dei siste åra har kutta kome ettersom amerikansk produksjon har vakse kraftig. Stikkord: Skiferolje, ny teknologi og billeg gjeld. På åtte år har dagleg amerikansk produksjon auka med heile 7.5m fat. USA har til og med blitt oljeeksportør i større skala.
5/ I 2014-2016 fall prisane kraftig ettersom Saudi-Arabia forsvarte marknadsandelar i møte med kraftig produksjonsvekst frå USA. Brent trefte botnen 20. januar 2016, på $27/fat.
6/ Som dei fleste hugsar var, og tildels er, det harde tider for norsk leverandørindustri. Tildelinga av kontraktar for Johan Sverdrup hjalp godt, mellom anna for min heimstad, Stord.
7/ Men Saudi-Arabia treng ein oljepris på $80/fat for at statsbudsjettet skal gå i balanse. Det var ikkje tilfeldig at landet i oktober 2016 lanserte sitt første internasjonale obligasjonslån (og pressa prominente borgarar for pengar).
ft.com/content/c8d1bb…
8/ Landa tenker langsiktig og tolmodigheten har nok hengt saman med 1) at auka etterspurnad har absorbert ein god del av den amerikanske veksten...
9/ ... men óg at amerikansk skifervekst ikkje har vore heilt berekraftig: Den har sin pris. Kapitaldisiplinen har vore dårleg, og kontantstraum til investorar likeså. Rystad fant nyleg at berre 1 av 10 skiferselskap hadde positiv kontantstraum.
oilprice.com/Energy/Crude-O…
10/ Veksten har vore finansiert med obligasjonsgjeld, i eit tiår der sentralbankar har oversvømt verda med likviditet. Dette er ikkje like hett: Det siste året har energiaksjar gjort det svært dårleg. Gjennomsnittleg kredittspread på energi-high-yield var på 7-8%, før korona.
11/ Og så kjem korona / COVID-19 / SARS-CoV-2. Kina sin daglege etterspurnad etter olje har falt med om lag 3m fat. Dette er mykje for ein marknad der prisen er svært sensitiv til endringar i tilbod/etterspurnads-balansen.
cnbc.com/2020/02/10/oil…
12/ Dette tek oss til møtet i Vienna veka som var. Marknaden forventa yttarlegare kutt, i tillegg til dei 2.1m fata per dag. OPEC ynskja kutt på ekstra 1.5m fat/dag. Russland og Kazakhstan, som ikkje er medlem, men "støttespelarar", var ikkje einige.
reuters.com/article/us-ope…
13/ Medan Saudi treng $80/fat for budsjettbalanse (stor offentleg sektor), treng Russland $41. Russland kan difor i større grad konkurrere mot amerikansk skiferolje (og då har me ikkje eingong byrja å spekulere rundt den politiske motivasjonen...).
14/ Russland forlet samtalane utan avtale. Energiminister Novak seier landa kan produsere det dei vil etter at noverande kutt-avtale utløper, ved slutten av mars. Med andre ord: Ikkje større kutt, men me kan derimot få auka produksjon.
ft.com/content/10f3e9…
15/ Oljeprisen fall 9.4% fredag, til $45.5/fat. Dette er det lågaste sidan sommaren 2017. Saudi-Arabia planlegg å auke produksjonen sin, til over 10m fat/dag. Og etterkvart over 11m fat/dag. Landet meldte denne helga om rabattar på $6-8/fat. Dette er ekstremt.
16/ I tillegg til tilbodssida, har me denne gongen óg negative korona-effektar på etterspurnad. I verste fall ein resesjon. Med mindre partane snur, kan dette bli stygt for fleire. Desse sakene kan endre maktbalansar. Så får me sjå kven som held ut lengst.
17/ Ein konsekvens kan vere ei misleghaldsbølge innan amerikansk skiferolje. På kortare sikt kan dette gi nedgong i tilbod, og dermed støtte til prisar, alt anna likt. Det vil muligens bane veg for konsolidering og auka kapitaldisiplin.
18/ Og me skal heller ikkje gløyme at den geopolitiske situasjonen er skjør. Det er berre to månader sidan ein frykta krig mellom Iran og USA. Hugs rakettangrepet mot Saudi Aramco. Og i dag er det nye arrestasjonar i den interne maktkampen i Saudi-Arabia.
19/ Men i møte med priskrig på olje, og fallande etterspurnad som følge av korona, er eg for augneblinken litt bekymra for oss her i nord. Me har ikkje noko nytt Sverdrup nett no. Om dette blir langvarig vil det på ny gjere tidene vanskelege for folk langs kysten.
20/ (Ein liten digresjon: Dette som skjer her burde vore blant hovedsakene i alle norske riksmedier gjennom helga)
Og medan eg har skrive denne tråden, har marknaden opna. Brent-olje er ned 31% i skrivande stund.
21/ Dette var nokre tankar og grafer. Det finst mange fleire nyansar, detaljar og folk som kan dette betre enn meg. Følg gjerne @Kjusern1 for olje, og @OleKjennerud for Kina og korona.
Forøvrig, eit lite tillegg: IMF seier 80-85 usd/fat, alt anna like. Auka produksjon kan sjølvsagt kompensere for noko av dette. (H/t @AageB)
reuters.com/article/us-sau…
Missing some Tweet in this thread? You can try to force a refresh.

Enjoying this thread?

Keep Current with Magnus Vie Sundal

Profile picture

Stay in touch and get notified when new unrolls are available from this author!

Read all threads

This Thread may be Removed Anytime!

Twitter may remove this content at anytime, convert it as a PDF, save and print for later use!

Try unrolling a thread yourself!

how to unroll video

1) Follow Thread Reader App on Twitter so you can easily mention us!

2) Go to a Twitter thread (series of Tweets by the same owner) and mention us with a keyword "unroll" @threadreaderapp unroll

You can practice here first or read more on our help page!

Follow Us on Twitter!

Did Thread Reader help you today?

Support us! We are indie developers!


This site is made by just three indie developers on a laptop doing marketing, support and development! Read more about the story.

Become a Premium Member ($3.00/month or $30.00/year) and get exclusive features!

Become Premium

Too expensive? Make a small donation by buying us coffee ($5) or help with server cost ($10)

Donate via Paypal Become our Patreon

Thank you for your support!